Bondalseidet
Sportskapell

4-sesong

Sportskapellet kan brukast året rundt. Om vinteren er vegen normalt ikkje brøyta. Parker derfor på parkeringsplass for Ørsta Skisenter (avgift via VIPPS) og gå 100m ned til Sportskapellet.

Kapell

Sportskapellet har eit kapellrom med omlag 40 sitteplassar.

Fest

I Kapellet kan du duke opp til fint lag.

Peisestove

Det er fleire koselege sitteplassar framfor peisen i peisestova.

God plass

Peisestova og kapellet kan nyttast som eit felles rom.

Frukost

Alltid kjekt å samlast til frukost kring store bord.

Kjøkken

Romsleg kjøkken med 2 komfyrar, kaffitraktarar, fryseskap, kjøleskap og oppvaskmaskin

Overnatting

Det er 24 (8+4+4+8) sengeplassar + 3 sofaer fordelt på 4 soverom med enkel standard.

WC, vask og dusj.

Enkle sanitærrom med WC, vaskar og dusj.

Ski-in / Ski-out.

Sportskapellet ligg like ved Ørsta skisenter med "ski-in" frå skibakken og "ski-out" til langrennstadion.

Topptur

Frå Sportskapellet kan du starte fleire toppturar rett frå trappa.

Sunnmørsalpane

Sportskapellet ligg midt i Sunnmørsalpane og det er kort veg til flott utsikt.

Veirahaldet

Etter ei god oppoverykt, kan du nyte utsikta frå toppen av Veirahaldet (1206 moh) og så ta turen ned igjen til Sportskapellet.

Reservering av utleige

Dei mest attraktive datoane er ofte utleigde i lang tid før, så ver derfor ute i god tid

SEND FØRESPURNAD OM RESERVERING NO!