Eit samarbeid mellom Ørsta Indremisjon (Bedehuset) og
Ørsta Sokneråd.
Velkomen!
"Måndagsklubben" er eit aktivitetstilbod for born og unge
frå 4 år og eldre. Det er bedehuset og kyrkja som
samarbeider om klubben. Tiltaket er eit ledd i trusopplæring i
den Norske kyrkja.
Vi samlast 6-7 måndagar i semesteret på Ørsta
Bedehus frå klokka 17:30 og utover kvelden. Dei vaksne kan anten
vente i "kaffikroken" eller vere med på aktivitetane.
Etter ein time med ulike aktivitetar er det andakt og kveldsmat i
matsalen. Etter maten går dei minste heim, medan dei over 10
år vert igjen på "10+". Her er dei saman med jamnaldringar
og vaksne leiarar. Vi har t.d. filmkveldar, karaoke, forming, leik og
overnattingstur.
Sist semester var vi omlag 25 unge på 10+ og vi hadde det kjekt i
lag. 10+ er frå 19:30 til 21:00.
Program for kveldane:
17:30 - 19:15
Aktivitetar, andakt og kveldsmat
19:30 - 21:00
10+ ( sjå eige program )
Aktivitetane:
Borna vel for eit semester i gongen.
Alle gruppene har vaksne leiarar.
Barnesanggruppe
frå 4år og eldre
Her vil du få lære songar og leikar saman med mange andre
born og vaksne.
Gospelkor
frå 7 år og eldre.
Nytt kor for dei eldste borna.
LEGOgruppe
for 7 til 0 år.
Dersom yngre born vil vere med må dei ha med seg ein vaksen
på gruppa. Det er kjekt å sitte ilag og byggje med MASSE
klossar!
Formingsgruppe
To grupper. 7 til 9 år og 10 år og eldre.
Ulike teknikkar og flotte produkt som deltakarane får med seg
heim.
Til dei vaksne!
Kan du tenkje deg å vere med på noko av det praktiske som
skjer på "Måndagsklubben" ? Det er mange ulike
oppgåver å velje mellom. Fyll ut og lever på
"Måndagsklubben" eller ta kontakt med ein av leiarane for ein
prat. DU kan også ringe Anders Digernes på tlf 70 06 86 93
eller 913 67 404.
Har du idear til nye aktivitetar vil vi gjerne høyre frå
deg!
sitte i lag med borna i koret
hjelpe til på LEGO-gruppa
hjelpe til på formingsgruppene
ha andakt, eller høgtlesing i koret
vere medhjelpar på kjøkkenet
vere med som vaksen på 10+
vere med å vaske Bedehuset
Det betyr mykje for borna våre at vi engasjerar oss i deira
aktivitetar-så kom og ver med!
Tre viktige ting
Hugs å betale medlemsavgift! Det kostar litt å drive
Måndagsklubben.
Vi vil gjerne ha hjelp av fleire vaksne, så har du lyst har
du lov...! Fyll ut skjema i denne foldaren, eller ta kontakt med ein av
leiarane.
Fyrste søndag i kvar månad er det familiegudsteneste
i Ørsta kyrkje. Sjå annonse i Møre Nytt. Vel
møtt!